I det vesle Saltskår-samfunnet tok dei aktiv del i og fylgde fiskeriutviklinga frå dag ein. Men desse tre notfartøya utgjer ei særs viktig bæresøyle framover mot større båtar og meir avansert drift. Frå v.: SF 347 SU, open kravell gavl med tre namn: Sjømann S/Antongavlen/16-hesten. Lengd 39 fot, 16 hk Wickmann, alt nytt 1935. Reg. på Anton Saltskår m. fl. Buskøy. Til sist kondemnert. SF 187 SU, dekka, klinkbygd listerskøyte Helga. Nybygd 1916. Lengd 44 fot, 16 hk Hein. Skifta til 20 hk Wickmann 1932. Reg. på Einar L. Saltskår m. fl. Helga var innkjøpt ny til Ytrøy, seld til Sætevika, Hyllestad, derfrå kjøpt til Saltskår i 1927. Helga vart brukt til lossement, men gjekk om somrane også med dekkssnurpe etter musse og brisling. Til sist framlagd i fjære. SF 252 SU, open kravell gavl Sjøgutt/12-hesten. Nykjøpt til Saltskår 1930. Motor frå 1931. Lengd: 33 fot, 12 hk Wickmann. Reg. på Einar L. Saltskår. I 1956 overteken av Chester Saltskår, Staveneset. Det må vere utrulege mengder sild og brisling desse tre slitarane har kasta og kava til lands. Einar og Anton åtte lenge nøter og båtar i lag, medan David og Lyder tidleg fekk sine eigne notbruk. Går enno i ærend og skyss på Lustrafjorden.